Personvern
Sist oppdatert 16. november 2026
Musikk og Underholdning AS (org.nr. 812 077 902) er ansvarleg for opplysningane i Kalorikalk. Spørsmål: post@kalorikalk.no.
Kva vi lagrar
- Konto: e-postadressa di og passordet ditt (lagra kryptert).
- Det du fører: måltid, matvarer, kaloriar og næring, og målet du set deg.
- Vekt: målingane du fører, med dato og klokkeslett.
- Forbruk: kaloriforbruket per dag som du hentar inn frå Garmin.
- Abonnement: om du har Premium, og kva tid det går ut. Betalinga skjer i Vipps; vi ser ikkje kortet eller kontoen din.
Det du fører, er berre synleg for deg. Vi sel ikkje opplysningar, og vi viser ikkje reklame.
Bilete og tekst du sender inn
Når du tek bilete av maten eller skriv eller seier kva du åt, blir det sendt til Google Gemini, som finn matvarene og anslår mengda. Biletet blir ikkje lagra hjå oss. Berre resultatet, som du godkjenner, blir ført.
Kvifor vi har lov
Vi handsamar opplysningane for å levere tenesta du har bede om (avtale, GDPR art. 6 nr. 1 b). Kva du et og forbrenn, kan seie noko om helsa di. Desse opplysningane brukar vi berre fordi du sjølv fører dei inn for å bruke Kalorikalk, og berre til det. Rekneskapsopplysningar om betalingar tek vi vare på i fem år, slik bokføringslova krev.
Kven som hjelper oss
- Supabase: database og innlogging.
- Vercel: driv nettsida og appen.
- Google (Gemini): les bilete og tekst om maten.
- Vipps MobilePay: betaling av Premium.
Desse handsamar opplysningane berre på våre vegner. Der opplysningar blir handsama utanfor EØS, skjer det med EU sine standardavtalar eller anna lovleg grunnlag.
Kor lenge
Vi tek vare på opplysningane så lenge du har konto. Slettar du kontoen, blir det du har ført, sletta innan 30 dagar, bortsett frå det bokføringslova krev at vi tek vare på.
Rettane dine
Du kan be om innsyn, retting, sletting og å få med deg opplysningane dine. Send ein e-post, so svarar vi innan 30 dagar. Meiner du vi handsamar opplysningane dine feil, kan du klage til Datatilsynet.
Informasjonskapslar
Vi brukar berre dei informasjonskapslane som trengst for at du skal vere logga inn. Ingen sporing og ingen analyseverktøy.