Salsvilkår
Sist oppdatert 16. november 2026
Kven du handlar med
Kalorikalk blir selt og levert av Musikk og Underholdning AS, org.nr. 812 077 902, Skipadalsåsen 15, 5600 Norheimsund. E-post: post@kalorikalk.no.
Kva du kjøper
Kalorikalk er ei nettbasert teneste for å føre mat og sjå kaloriar og næring mot forbruket ditt. Gratisversjonen er open for alle med konto. Premium er eit abonnement som gir ubegrensa bilete av maten og forbruk frå Garmin.
Pris og betaling
- Premium månad: 59 kr per månad.
- Premium år: 399 kr per år.
Prisane er med 25 % meirverdiavgift. Du betaler med Vipps faste betalingar. Første betaling blir trekt når du startar abonnementet, og deretter same dag kvar månad eller kvart år til du seier opp. Du får varsel i Vipps før kvart trekk.
Blir prisen endra, får du beskjed minst 30 dagar før den nye prisen gjeld. Du kan då seie opp før endringa.
Oppseiing
Du kan seie opp når som helst, i Vipps-appen eller i Kalorikalk. Premium held fram ut perioden du har betalt for, og det blir ikkje trekt meir. Betalt periode blir ikkje betalt tilbake, med mindre du brukar angreretten.
Angrerett
Du har 14 dagars angrerett frå du startar abonnementet, etter angrerettlova. Gi beskjed på e-post til post@kalorikalk.no innan 14 dagar. Du kan gjerne bruke standardskjemaet for angrerett, men det er ikkje påkravd.
Når du startar Premium, ber du oss om å levere tenesta med ein gong. Angrar du, får du pengane tilbake med frådrag for dagane du hadde Premium. Pengane blir betalte tilbake til same betalingsmåte innan 14 dagar etter at vi fekk beskjed.
Bruk av tenesta
Kaloriar og næring som Kalorikalk reknar ut frå bilete, tale og tekst, er anslag. Dei kan bomme, og du bør sjå over og rette dei før du fører. Kalorikalk er ikkje medisinsk rådgiving. Har du ein sjukdom, ei eteforstyrring eller er gravid, snakk med lege før du endrar kosthaldet.
Vi gjer det vi kan for at tenesta skal vere tilgjengeleg, men kan ikkje love at ho aldri er nede. Er Premium utilgjengeleg i meir enn tre dagar i strekk, kan du krevje forholdsmessig avslag i prisen.
Kontoen din
Du kan slette kontoen din når du vil. Då blir det du har ført, sletta. Eit aktivt abonnement må du seie opp i tillegg. Korleis vi handsamar opplysningane dine, står i personvernerklæringa.
Klage
Er du ikkje nøgd, send oss ein e-post, so prøver vi å finne ei løysing. Kjem vi ikkje til semje, kan du klage til Forbrukartilsynet eller Forbrukarrådet. Norsk lov gjeld.